Startpage





download musicfile

Seterferdsmorgon
Stiklestad-tonane: dikt 1961.



I

Når morgonen stig over fjella
i solgule himmelslør,
det susar av tusen morgnar
eg møtte før.

Når lufta er metta av tonar
frå fuglar i morgonstund,
eg tykkjer eg atter møter
min barndoms lund.

II

Det singlar i bjeller,
det mekrar frå geit,
det snufsar av snutar
som bit og beit.
D e r   rautar ei ku,
Der haukar ein kar --:
Eg kjenner att målet hans bestefar!
Det knuflar av klauvar,
det trippar med tå.
Eg   h ø y r e r   så vel
at eg allting kan   s j å   . . .
Ei syngjande jente,
ein ropande gut,
og så heile skreda
på storvegen ut!

Klokka er berre fire;
men buskapen skal til fjells.
Milene fram er mange;
og alle vil lukte
seter til kvelds!



skrevet av Bjarne Slapgard


Bjarne Slapgard (født 11. november 1901 i Verdal - 25. desember 1997 i Levanger) var en norsk forfatter og folkehøgskole-lærer.


tonesatt av Abnescio


Abnescio ble utdanna ved universitetet i Trondheim. Og bor nå ved byen Molde. Og er barnebarn av Bjarne Slapgard.